Siste finpuss før opningsfesten
Arbeidet med det nye bedehuset i Vats er i sluttfasen og om drygt ei veke kan leiar i Arken Jostein Sørhus og byggeleiar Karl Stokland invitera til stor innviingsfest og ope hus tre dagar til ende.
— Første helga i mai blir det opningsfest. Fredagen blir for dei unge, og om laurdagen blir det fest for alle med varm musikk og mat for alle som har vore med på bygget og alle andre som ønskjer å stikka innom. Og på søndag blir det feiring med i forbindelse med gudsteneste. Då blir det kyrkjekaffi, seier byggeleiar Karl Stokland og håpar mange vil ta turen innom det flunkande nye bede-og soknehuset i Nedre Vats i løpet av opningshelga.
Innspurt
Etter nesten 10 år med planlegging kan Vatsbuen endeleg gleda seg over å ha fått på plass eit romsleg og funksjonelt hus med rom for ulike aktivitetar. I det 530 kvadratmeter store huset er god plass både for liten og stor. Dei yngste har fått eit heilt eige rom med ein eigen kjøkkenkrok der dei kan samlast og slå av ein prat, spela litt spel eller berre kosa seg saman. Frå det store storkjøkkenet, som er innreia med skap og benker i stål, kan ein servera enkle matrettar og i matsalen like ved kan det dekkast småbord til 60 personar. Og skulle det bli trongt om plassen i matsalen kan ei skyvedør mellom matsal og storsal opnast og gje plass for ytterlegare 100 personar. Storsalen har eigen scene med lydanlegg og i den langstrakte foajeen er det rikeleg med plass for besøkjande enten dei vil slå av ein prat eller setja seg nedpå i dei fargerike sitjenisjene langs veggen.