Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dagleg leiar Kenneth Lyng Karlsen er godt nøgd med vaskeanlegget.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dagleg leiar Kenneth Lyng Karlsen frå opninga av det nye vaskeanlegget i mars.

Næringsliv

Sikra seg storkontrakt

Publisert Sist oppdatert

— Dette er verkeleg stort for oss. Det er eit bevis på at sosial berekraft har ein plass i leveransar til helsesektoren, seier dagleg leiar i Spira utvikling, Kenneth Karlsen, i ei pressemelding.

Avtalen er delkontrakt DK8 i det nasjonale anbodet gjennomført av Sykehusinnkjøp HF, og gjeld levering av heilskaplege vaskeritjenester til sentrale sjukehus og institusjonar i regionen. Kontrakten startar opp i slutten av 2026 og varer i seks år, med opsjon på 1+1 år. Den har ein verdi på 112.000.000–168.000.000 kroner gjennom åtte år.

I pressemeldinga skriv Spira at kontrakten ikkje berre er eit stort løft for dei, men òg eit viktig gjennombrot for inkluderande og ansvarleg næringsdrift. Dei omtalar Uni-K og Solstein, to solide verksemder med lang erfaring innan VTA (varig tilrettelagt arbeid), som sine partnarar i denne leveransen. Samarbeidet sikrar, ifølgje Spira, både høg kvalitet og at fleire får ein meiningsfull arbeidskvardag – midt i samfunnsoppdraget.

Powered by Labrador CMS