Agnes Lovise Matre er i gang med si tredje bok. Denne gong skriv ho krim. Nyleg signerte ho med Gyldendal og ser på seg sjølv som ufatteleg heldig som får ein slik mogelegheit.
ARKIVFOTO: Ann Margit Grønstad
Signerte for Gyldendal
Då utflytta sandeidsbu Agnes Lovise Matre debuterte som forfattar i 2012 gav ho ut boka Stryk meg over håret på Commentum forlag. I 2015 kom andreboka Kledd naken på forlaget Comino, også dette eit lite forlag. Men nå har ho signert avtale med Gyldendal, same forlag som ektemannen og krimforfattar Geir Tangen og dette betyr mykje for forfattarskapet til Matre.
— Gyldendal er ein kulturinstitusjon og det er berre dei heldigaste som kjem igjennom her. No blir mykje annleis enn tidlegare, mellom anna skikkeleg erfarne og proffe redaktørar, samt eit heilt anna marknadsføringsapparat når boka er ferdig, seier Matre som legg til at signeringa for Gyldendal er det ytste ho som forfattar kan oppleva.
Gyldendal og Cappelen