Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesaren melder

Sesongstart i orientering

35 våryre løparar sprang det første klubbløpet i orientering i år, då Vindafjord Orienteringslag arrangerte frå Nerheim i Ølen.

Løypeleggjar Jon Magne Svendsbøe hadde laga tre løyper på det gamle Plomlio-kartet, vestover i retning Ølensvåg. Nybyrjarløypa på 2,1 km følgde stiar og ny kraftlinje. Kortløypa på 2,3 km følgde delvis stiar, med nokre strekk utan ledelinjer i terrenget, medan langløypa på 3,3 km gjekk på kryss og tvers i terrenget oppover mot fjellet. Nær femte post i langløypa, ovanfor den nye kraftlinja, fekk løparane seg eit lite sjokk då dei blei møtt av synet av ei kvige i ei myr som må ha lege omkomen i nokre veker.

Sidan det var sesongstart og snart påske, kunne medarrangørane by på ekstra opplevingar når løparane kom i mål. Torgeir Øverland serverte saft og nykokt bålkaffi, samt rykande nysteikte lappar frå bålfyrt takke. Anne Sofie Sandvik hadde laga til påskeeggjakt for dei yngste, som hadde mykje krefter til overs når det var snakk om å orientera seg fram til eit skjult påskeegg få hundre meter frå målområdet!

Powered by Labrador CMS