Håvard Rørtveit (20) frå Sandeid er yngstemann i Vindafjord sitt nye kommunestyre.
Foto: Privat
10 Kjappe
Ser fram til å vera med å påverka
Håvard Rørtveit er med sine 20 år yngstemann i Vindafjord sitt kommunestyre. Han er svært takknemleg for alle som har stemt på han, og gler seg til å vera ein aktiv del i lokaldemokratiet
På nyåret har Håvard Rørtveit vore medlem av Unge Høgre i fire år, men han har alltid vore interessert i samfunnet og politikk så lenge han kan hugsa. Han har også mange idear om korleis diverse utfordringar kan løysast. No gler han seg til å vera ein del av Vindafjord kommunestyre dei neste fire åra, og han ser fram til å få høve til å vera med å påverka samfunnet, og få gjennomslag for politikken han står for. Om han kjem til å satsa som heiltidspolitikar i framtida, har han ikkje bestemt seg for.
— Kva er di sterkaste side?
— Mitt brennande engasjement og mine interesser og kunnskap innanfor alt samfunnsrelatert.