Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Styreleiar i Skakke SA, Styreleiar Jorunn Bringeland Berge ber om økonomisk hjelp i den vanskelege tida då det er full stopp for alle aktivitetar i kultur- og idrettssenteret.Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Styreleiar i Skakke SA, Styreleiar Jorunn Bringeland Berge ber om økonomisk hjelp i den vanskelege tida då det er full stopp for alle aktivitetar i kultur- og idrettssenteret.

Ser ei lysare framtid for Skakke

Publisert Sist oppdatert

I slutten av oktober kom dei endelege rekneskapstala for Skakke SA i Etne for rekneskapsåret 2018, ei god stund etter fristen i Brønnøysundregisteret. Årsrekneskapen viser eit driftsresultat på over 900.000 kroner i pluss og eit årsresultat på minus 546.105 kroner.

Skakke SA sine eigedelar var i 2018 bokført til drygt 22 millionar, medan samla gjeld låg på over 43 millionar kroner. Det gir ein negativ eigenkapital på over 21 millionar. Men med ulike redningspakkar det siste året er pila i ferd med å peika rett veg.

— Det ser lysare ut nå. Økonomien har vore anstrengt sidan starten og me har heile tida hatt negativ eigenkapital, men me har betalt ned på gjeld heile vegen. Det reelle driftsresultatet i 2018 var på linje med året før, og det negative resultatet i fjor skuldast i hovudsak gjelda, seier styreleiar i Skakke SA, Jorunn Bringeland Berge som har hatt ekstra store utfordringar å stri med etter at Hordaland fylkeskommune la ned den vidaregåande skulen som heldt hus på Skakke.

Powered by Labrador CMS