Ser behovet for fleire hender
Trude Enge (Frp) forstår bekymringa til hovudtillitsvalde i Fagforbundet og Norsk sjukepleiarforbund, og meiner kommunen allereie nå må rigga PLO for framtida.
Trude Enge var ein av fleire som i forkant av formannskapet hadde delteke i eit møte med både tillitsvalde og verneombod, og her kom det fram at kommunikasjon oppover» er eit problem.
— Ein må finna ein enklare måte å melda inn avvik på, for dei tilsette opplever at det er utfordrande å få tid til å setja seg ned for å melda avvika. Ein må finna eit godt system for å kunne få dette til, seier Enge, som også er fungerande varaordførar i Etne.
I replikk til kommunalsjef Hilde Selland Winterthun si orientering, sa Enge det høyrest ut som om alt går på skinner i Etne PLO, og at det ikkje er så gale som dei tilsette ved omsorgssenteret skisserer.
— Det er viktig å få fram at verneombod og tillitsvalde må gå rett veg for å melda frå om dette, og at me som politikarar må ta det på alvor og lytta til dei, seier ho.
I ein uttale frå Framstegspartiet melder dei at dei i sitt budsjettframlegg kjem til å føreslå ei auke i grunnbemanninga med minst to årsverk, og at utgiftene for vikarbruken må reduserast kraftig. Terskelen bør også vera låg dersom tilsette i PLO ønskjer å auka stillingsprosenten sin.
Sjølvstendig rett
Hovudtillitsvalt i Fagforbundet, Annbjørg Flåte, har tidlegare sagt til Grannar at ho har fått kritikk for at innspela til budsjettet kom for seint. Flåte opplyser at dei har hatt samarbeidsmøte med leiarane, så innspela til budsjettet burde ikkje ha kome som ei overrasking. Siri Klokkerstuen (Ap) seier ho forstår det slik at ønsket om styrking på kveld er spelt inn til budsjettprosessen, så påstanden om at dei tillitsvalde har gått feil eller har vore for seint ute, er ikkje rett.
— Eg synest det er viktig å få sagt at dei har gått rett veg, og spelt det inn der det skulle spelast inn. Tillitsvalde brukar ikkje avvikssystemet, og dei har ein sjølvstendig rett til å vera aktive i forhold til medlemmene sine interesser, og då har dei valt å seie frå ein gong til. Å melda frå til oss når dei ikkje får gjennomslag i budsjettprosessen, synest eg er heilt greitt, seier Klokkerstuen.