Hildegunn Wreim Myhre sel nå ut varene sine i opphøyrssal.
FOTO: Nils Tokheim
Ser at folk slit økonomisk
Ho dreiv mange år butikken sin i Etne, men ho bur i Ølen og det var derfor mest praktisk å ta butikken til Ølen då dei leigde lokala i Etne skulle seljast våren 2023.
— Det har blitt for liten omsetning, så eg står her seks dagar i veka utan at butikken tener pengar, seier ho.
Med veldig mange faste kundar, korav fleire utanfor Vindafjord og Etne, vil ho ikkje seia om flyttinga frå Etne var eit feilgrep.