3 prosent av hundeeigarane plukkar aldri opp avføringa, ifølgje undersøkinga.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Seks av ti plukkar alltid opp etter hunden
38 prosent oppgir at dei berre plukkar opp avføringa dersom hunden gjer frå seg på fortauet, vegen eller på ein sti.
På spørsmål om kva dei gjer med posen seier 43 prosent at dei tek han med seg vidare på turen og kastar han når dei kjem heim. 36 prosent pleier som oftast å kaste han i ei offentleg søppelkasse, medan 20 prosent kastar han i ei privat søppelkasse. 1 prosent oppgir at dei kastar posen frå seg ute i naturen.
Undersøkinga
er gjennomført av Xtreme Insight for Agria Dyreforsikring, og 505 personar har delteke.