Seigmen er klare for Skånevik Bluesfestival 2024. Fra venstre: Kim Ljung, Noralf Ronthi, Alexander Møklebust, Sverre Økshoff og Marius Roth Christensen.
Foto: Bjørn Opsahl
Seigmen er klar for Skånevik Bluesfestival
For mange var Seigmen nittitalet sin tunge og grandiose melankoni, som herja hitlistene før dei plutseleg la opp. To album har dei produsert i løpet av 24 år, men i april kjem det tredje – og i juli er dei klare for bluesfestivalen.
Programmet til Skånevik Bluesfestival er under arbeid, men allereie no kan dei presentera Seigmenn på plakaten 5. juli. Det legendariske rockebandet som har hausta fleire prisar, mellom anna Spellemannsprisen, kjem til festivalen 2024. I følgje festivalen vil dei då fyra ut melankolske og friske rockelåtar på utescenen ved House of Blues.
Bandet har vore veldig kreative under pandemien, og er etter 4 års pause endelig klare med konsertar og ny plate; Renosans som kjem ut i april 2024. Dei har tidlegare kapra førsteplassen på hitlistene, og publikum ventar dermed i spenning på denne nye plata.
I 1989 var det eit uferdig band som stod på scenen då Seigmen spelte sin aller første konsert i romjula. Likevel hadde dei allereie då noko heilt eige som skilde dei frå mengda.