Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Såpenekrolog

Publisert Sist oppdatert

Det er alltid plass til en som bruker Sterilan». Slikt stod å lesa i kulørte skrifter, då eg var ung. Dette såpestykkje frå Lilleborg, var ofte å finna på landsens vaskar, hjå praktiserande bønder. Etter kva innpakkingspapiret ville ha det til, skulle produktet vera effektivt mot sveittelukt. No er det vel slik, at alt har ei eller anna slags lukt, og for oss som driv matproduksjon basert på husdyrhald fører det med seg mang slags odørar som det kan vera greitt å leggja ein dempar på, om ein skulle sjå seg nøydd til å la seg sosialisera. Men hadde ein berre ei sterilansåpa i huset, kunne ein trøystig gå på bondefest om hausten, utan å skjemma seg ut, så sant ein ikkje hadde slite på seg feilgjæring i siloen då.

Kven skal eg skulda tragedien på?

Kven skal eg skulda tragedien på?

Ei tid kunne me kjøpa Sterilan på Felleskjøpet med seks såper i pakken, men det vart det ein slutt på. Ei stund etter det var såpene å få kjøpt enkeltvis hjå dei som putlar med daglegvarer, men no er dei ikkje å finna der heller. Det går rykte på bygda om at det som ein gong var Lilleborg, etter diverse fusjonar og oppkjøp har funne det rett og naudsynt å avslutta produksjonen av denne kjære såpa vår. Kven skal eg skulda tragedien på? Er det er alle desse som eg fordomsfullt og forakteleg kallar for byfolk, som må bera ansvaret for at alt som er av handsåper no til dags, skal vera i flytande form på pumpekanner, eller er det handelstanden som ser seg best tente med å ikkje tilby meg såpa mi? For oss som har minne på netthinna av sterilansåper på vasken i tida omkring poteopptaket, er det lett å forstå at slike bilete ikkje eignar seg som skrytebilete på sosiale media. Det er vel berre å ta nederlaget til vitande, og sjå seg om etter eit alternativ. Eg minnest at fjernsynsteatret hadde ein framsyning om Dr. Semmelweis. Der var det ein dotømar som vaska seg i klorkalk. Kanskje det kunne vera noko?

Finn.no, brukar elles å ha ei råd for det meste. Der fann eg nokon nede på Stavanger-kanten som tydelegvis hadde heia til seg eit restlager av sterilansåpa. Prisen var noko høg, slik han gjerne vert, når folk trur at dei sit på ein skatt. Men eg vil tru at såpene får bein å gå på, så her er det berre å hiva seg frampå. Utfordringa er å rekna ut kor mange såper eg må grava til meg for å verta hjelpen – i mi tid.

Steinar Aalvik

Powered by Labrador CMS