Samla gamlelaget til jubileumskamp
For 30 år sidan inntok ein gjeng spreke karar fotballbanen i Vats for å trena og spela kamp. Under jubileumsfeiringa til SK Vats94 var den same gjengen igjen samla til dyst. Denne gong litt stivare i muskulaturen, men like kamplystne og ivrige som før.
Det mangla ikkje på speleglede då legendelaget til SK Vats94 møtte klubben sitt A-lag til kamp på Hatteland stadion i Vats. Full av energi marsjerte dei inn på banen saman med unggutane i Fjordar, til stor jubel frå ein fullsett tribune, og då dommaren bles kampen i gang var dei raskt på ballen og gav motspelarane så mykje motgang som dei makta. Men det varte ikkje lenge før den intense oppstarten merkast på kroppen og berre få minuttar ut i første omgang måtte den første spelaren kasta inn handkledet og be om ein pause. Sidan gjekk det slag i slag med spelarbyte, medan unggutane på A-laget innkasserte det eine målet etter det andre.
— Me starta med godt mot. Men på slutten var det få igjen som kunne springa og me tapte 4-0, seier Svein Tore Haraldseid, som i likskap med resten av gjengen for lengst hadde lagt fotballen på hylla.
— Eg var med frå starten i 1994 og spelte til rundt 2008, seier 56-åringen.