Det er strenge reglar for både kjøp og bruk av fyrverkeri. Arkivfoto
Sal og bruk av fyrverkeri
Nyttårsaftan nærmar seg, og i løpet av dei neste dagane kjem folk i Noreg til å handla nyttårsrakettar for titals millionar kroner. Viktige reglar for sal og bruk er ein nøydd til å vera klar over.
Dagane frå 27. desember til 31.desember er dei einaste dagane alle over 18 år kan kjøpa og bruka fyrverkeri. I dette tidsrommet brukar norske fyrverkerientusiastar mangfaldige millionar kroner. I fjor selde Svea, som er Nordens største leverandør av fyrverkeri, for nesten 59,9 millionar kroner, berre i Noreg ifølgje Finansavisen. Det nye året ser også ut til å starta på spektakulært vis, for det har vore ein markant oppgang på import av fyrverkeri, ifølgje Statistisk sentralbyrå. I år er det importert 1.027 tonn fyrverkeri, og det er ein oppgang på heile 62,5 prosent, trass i at det har blitt 24,3 prosent dyrare å importera sidan i fjor.
Utsalsstader
Det er kommunen, som regel brannvesenet som gir løyve til handel med fyrverkeri, og søknaden må vera kommunen i hende innan 1. mai kvart år. I år kan etnebuar og vindafjordingar handla fyrverkeri hos Auto Pluss Tollaksen, Hundseid varmepumper og Instruo i Sandeid, hos Europris i Ølensvåg, Hageland i Ølen, og i Etne har dei utsalsstad hos Sport 1, Bondekompaniet, Europris og Etne Auto.