Vindafjordingar som har spørsmål til kommunen tar ofte kontakt utan å besøke Vindafjord rådhus. ARKIVFOTO
Så mange flyktningar vil staten busette i Etne og Vindafjord
Oppmodinga er det høgaste innleiande talet nokon gong. I ei pressemelding frå IMDi blir det vist til at krigen i Ukraina held fram og at millionar av menneske er på flukt.
— Kommunane har gjort ein imponerande innsats. Me skal framleis vise solidaritet med og ta vår del av ansvaret for menneske på flukt. Derfor trenger me at kommunane stiller opp igjen. Samtidig ser me at høge tilkomstar over tid legg press på kommunane og offentlege myndigheiter sin kapasitet og tenester på ei rekke områder. Når me nå planlegg å busette rekordmange flyktningar for tredje år på rad, krev det enda meir av fellesskapet, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).
Sidan Russland sitt angrep på Ukraina, har kommunane busett over 57.000 flyktningar, kor 50.000 er frå Ukraina.