Det var denne løa som brann på Fjøsna. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Det var denne løa som brann på Fjøsna.

Fjøsna-brannen

Rykte ut til brann i løe

Måndag ettermiddag byrja det å brenne i ei løe på Fjøsna i Etne.

Publisert Sist oppdatert

Det var måndag ettermiddag at det byrja å brenne i ei løse på Fjøsna i Etne.

Det skal ikkje ha vore dyr eller menneskje i bygninga som byrja å brenne litt før klokka 15 måndag.

Brannmannskap fekk raskt kontroll på staden.

Utrykkingsleiar Lasse Grindheim i Etne brann- og redning fortel at brannen var i eit halmlager.

— Det var ganske overtent då me kom, men me fekk raskt kontroll, seier Grindheim.

Dei fekk melding om brannen klokka 14.50. Den første brannen fekk dei slått ned på fem minutt, og deretter dreiv dei med ettersløkking. Like før klokka 16.00 poengterte Grindheim at det framleis kom røyk frå bygningen, men at huseigaren kunne handtere dette med ein hageslange.

Det var ei løse på Fjøsna i Etne som kom i brann måndag ettermiddag.ILLUSTRASJON: DATAWRAPPER/GRANNAR
Powered by Labrador CMS