Det blir sal av pølser, lappar og meir under årets marknad på Romsa denne laurdagen. Arkivfoto
Det blir sal av pølser, lappar og meir under årets marknad på Romsa denne laurdagen. Arkivfoto

Romsamarknad med paraply

Til helga blir Romsamarknaden arrangert igjen, og nytt av året er gratis skyss, og kurs i førstehjelp.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag er det duka for årets Romsamarknad, og i følgje vervarselet kan det vera lurt å ha med seg ein paraply under armen. Du får mest sannsynleg bruk for han. Nytt av året er at det går gratis skyssbåt frå Kjellesvik direkte ut til Romsa. Mange har tidlegere år klaga over at det er berre dei med båt som kjem seg til marknaden, men i år har arrangøren organisert det slik at dei som ønskjer det, kan koma til Kjellesvik og bli frakta over.

Kystlaget med mannskap har laga til noko for ein kvar smak. Det blir live musikk, omvisning og historieforteljing om livet på Romsa før i tida. Lykkehjul med bamsegevinster, lykketamp,
hesteskokasting, bogeskyting og meir til. Romsakatten er fast innslag med korgea si full av snop til alle barna.

— Så blir det spøkelsejakt i hovudhuset, kan Anne Tone Salte Andersen i arrangørkomiteen opplysa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS