Lasse Heggen Åsbø har stifta Åsbø AS.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVNFOTO: Grethe Hopland Ravn
10 Kjappe
Roleg før første marknad i leiarrolla
Årets utgåve av Etnemarknaden blir ein debut på fleire måtar for 34-åringen frå Etne. Ikkje berre er han styremedlem for første gong, men han er også leiar. Han har likevel låg puls, for resten av styret, dagleg leiar og gruppeleiarane er erfarne og har stålkontroll. Så mest av alt, gler han seg til tre dagar med liv og røre på marknad. Dette første året har det vore interessant for Åsbø å sjå korleis planleggingsfasen har vore, og no snart gjennomføring. Han håpar han i større grad kan bidra med nye idear og tankar for framtida, i neste runde. No ser han fram til å treffa mange fornøgde gjester og dugnadssjeler i løpet av marknadshelga, og i opningstalen han skal halda er det nettopp ei takk til alle som bidrar han ønskjer å understreka mest.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg likar struktur, orden og kontroll. Det er noko eg har hatt nytte av gjennom både skule og arbeid.