Sigrid Mømb Hammersland og Helene Handeland er saman med russestyret ved Ølen vgs straks klare for den årlege innsamlingsaksjonen til Kreftforeningen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Ringer snart på døra di
— Me håpar å samla inn mellom 50.000 og 100.000 kroner, seier innsamlingssjefane i russestyret, Sigrid Mømb Hammersland og Helene Handeland.
Tidlegare har russen brukt fysiske innsamlingsbøsser, men i år vil innsamlinga skje digitalt. Både plakatar med QR-kodar og Vipps vil bli brukte for å sikra at folk lett kan bidra. Dette gjer at fleire kan gi pengar utan å ha kontantar tilgjengelege.
— På ein måte er det greitt å sleppa å bera rundt på bøssene, men det er jo litt dumt om folk berre har kontantar, seier Handeland.