Emma Bjelland Ingebrigtsen er ny skribent for Grannar. Foto: Rina AspmoGrannar-skribent Emma Bjelland Ingebrigtsen, får utmerking av Nobels Fredssenter. Foto: Rina Aspmo
Emma Bjelland Ingebrigtsen.

På tampen

Ring om det er noko du treng, då!»

Har du høyrd om ho som gjekk skikkeleg på trynet i haust? Eller om han som nettopp vart skilt fordi han vart bedratt av kona si i fleire år utan at han visste om det? Det er ikkje til å leggje skjul på at vi blir oppmerksame med ein gong vi høyrer dei orda. Sladder kan vera spennande. Kanskje spesielt på bygda der alle kjenner alle»?

Men, min erfaring er at vi menneske ofte snakkar meir om dei som ser til å ha det vanskeleg, i staden for å snakke med dei. Eg hadde ei venninne som hadde ein vanskeleg periode for nokre år sidan. Ein gong eg hadde vore der sa eg før eg gjekk Ring om det er noko du treng, då!» Nokre veker seinare då eg møtte ho igjen sa ho til meg Det er veldig fint at du seier at eg kan gi beskjed om eg treng noko, problemet er berre det at det ikkje alltid er så lett å vite kva ein treng når ein har det vanskeleg. Når veit eg at eg treng noko? Og kva hjelp kan eg få?» Den kommentaren gløymer eg aldri. For har du høyrd eller sagt det sitatet til nokon før? Gi beskjed om du treng noko då». Og sjølv om tanken bak som regel er god, har eg både høyrd og sagt dette sitatet mange gonger.

Ein ting eg har lært viktigheita av er å tilby noko konkret når ein vil tilby hjelp. Er du glad i lage mat og har moglegheit til å lage litt ekstra, tilby deg å kome oppom med ein ekstra porsjon ein dag. Har du born på same alder som nokon du kjenner som står i noko vanskeleg, kva med å tilby å køyre borna til trening ein periode? Ta utgangspunkt i deg sjølv, styrkar du har, og kva du kan hjelpe med.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS