Dette synet må vatsbuen leve med ei stund framover før politiet og forsikringsselskapet er ferdig med jobben.Arkivfoto
Restverdi i Vindafjordhallen
Alt såg ut til å gå på skinner i forsikringsoppgjeret om Vindafjordhallen der KLP Forsikring og Vindafjord kommune er partar. No har forsikringsselskapet meldt tilbake at dei ser på grunnmuren i betong som står igjen etter brannen, som ein sannsynleg restverdi saman med ein del teknisk utstyr for svømmehallen som var plassert i kjellaren. Det betyr i så fall at kommunen vil få eit fråtrekk i oppgjeret.
Rådmann Yngve Folven Bergesen opplyste i formannskapet at dei vil ta ein tvist med selskapet dersom det blir aktuelt. Ordførar Ole Johan Vierdal såg det på ingen måte som ein fordel for kommunen at KLP Forsikring drar opp kortet om restverdi.