Dette er ein illustrasjon frå 2023 av anlegget Biovind vil bygge i næringsparken på Nerheim i Ølen. Illustrasjon: Biovind AS
Biogass
Renevo-eigar tek styringa i Biovind
Det nystarta spanske bioenergi-selskapet HeyGaz har kjøpt fleirtalet av aksjane i Vindafjord-selskapet Biovind AS. Bak står dei same eigarane som i fjor tok over Renevo AS, som har hatt store investeringsplanar i Etne.
Biovind AS har invitert pressa til eit møte på Nerheim næringspark i Ølen komande torsdag. Dette i høve presentasjonen av ny eigarstruktur i Biovind AS og planane om oppretting av ein biogassfabrikk i Ølen. Selskapet ønskte ikkje å fortelje meir om saka måndag, men viser til pressemøtet som skal finne stad torsdag, der også ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal (Sp), etter planen skal vere til stades.
Spansk inntog
Men Grannar kan alt no avsløre at det er det nyoppretta spanske selskapet HeyGaz som tek styringa i Biovind AS. Dette går fram av ei melding som eigaren av HeyGaz, InfraVia Capital, publiserte på si nettside allereie den 4. mars. InfraVia Capital er det same selskapet som nyleg kjøpte Renevo AS, inkludert dotterselskapet Renevo Etne AS frå Gasnor AS. Sistnemnde kjøpte i si tid Renevo-aksjane av Renevo-gründer Jan Kåre Pedersen. Renevo har som kjent hatt store oppstartsproblem med sitt første anlegg på Eldøyane på Stord, der dei no planlegg å skifte ut teknologien som dei har brukt fram til no.