Tina Alvær frå Optikerbransjen er skuffa over midlane som er tildelt brillestøtte til barn.
Foto: Ola Gimse Estenstad
Regjeringa halverer brillestøtta til barn
NPK: Fleire Arbeidarparti-politikarar har kritisert den førre regjeringa for kutt i brillestøtta til barn. No går regjeringa inn for å kutte ordninga med 140 millionar.
Det fortel interesseorganisasjonen for optikerbedriftene Optikerbransjen, i ei pressemelding.
Dagens brillestøtteordning vart etablert som eit resultat av Hurdalsplattforma. Budsjettavtalen mellom regjeringspartia og SV skulle sikre dei som fall ut av den tidlegare ordninga for behandlingsbriller, og dessutan omfatte langt fleire barn enn før.
Brillestøtta var budsjettert med 220 millionar kroner i 2023, men har på under eitt år blitt redusert til under halvparten.
Dei fleste barn får i dag dekt eit tilskot på 770 kroner. Til samanlikning vart briller under den førre ordninga i gjennomsnitt dekt med 3.800 kroner av Nav. Glasa var utan eigendel, og innfatninga hadde eit makstak på 450 kroner.
– Håpet vårt er at Sosialistisk Venstreparti (SV), tek opp dette i forhandlingane og styrkjer ordninga. Støtta til barnebriller var ein siger for barnefamiliane, men slik ordninga er utforma i dag er den ikkje god nok grunna dei låge satsane, seier dagleg leiar i Optikerbransjen Tina Alvær i ei pressemelding.
(NPK)