Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll under eit besøk i Vindafjord kommunestyre i mars 2024.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Energi
Reddar skular med vindkraft
— Det hadde ikkje gått bra utan desse inntektene. Me hadde nok berre hatt éin skule i Fitjar, seier ordførar Wenche Tislevoll (H) i Fitjar.
Inntektene kjem frå både produksjonsavgift og eigedomsskatt. Fitjar får ni millionar kroner i produksjonsavgift, som varierer litt frå år til år, og kring ni millionar kroner i eigedomsskatt frå parken.
Alle barna i den 3.200 innbyggjar store kommunen går sine siste tre grunnskuleår på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Dei har òg 1.–4. trinn i Øvrebygda skule og 1.–7. trinn i Selevik skule. Tislevoll seier at dei nok ikkje hadde hatt dei to siste utan vindkraftinntekter.