Kenneth Karlsen (Frp) er dagleg leiar for Spira utvikling i Etne.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Reagerer på ytringsutspel
Etter at Grannar publiserte ei sak om at kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) meiner kommunestyrerepresentantar bør bruka tenestevegen for å ta opp kritikk mot administrasjonen, reagerer Kenneth Karlsen (Frp) kraftig.
— Etter oppslaget i Grannar om kommunedirektøren og ordføraren sine kommentarar til offentlege ytringar frå kommunestyrerepresentantar, kjenner eg behov for å klargjere noko heilt sentralt: Politikarar skal aldri møtast med irettesetting for å ytra seg kritisk, seier Karlsen.
Frp-leiaren understrekar at det ikkje er noko tenesteveg for dei folkevalde.