Press mot handelsbyen
Ikkje fordi byfolket strør om seg med meir pengar i butikken enn folk flest, men […]
Ikkje fordi byfolket strør om seg med meir pengar i butikken enn folk flest, men fordi folk i distriktet ofte har sett kursen dit når dei skulle ha anna enn mjølk, brød og andre daglegvarer. Dei siste åra har kremmarar i tettstadane rundt regionsbyen bygd opp sine forsvarsverk. Resultatet har ikkje uteblitt; handelslekkasjen bremsar opp.
Det er med stor interesse me les Statistisk sentralbyrå sin halvårlege omsetningsstatistikk og konstaterer at den lokale handelsnæringa lukkast. Folk i bygdene våre reiser ikkje til Haugesund på handel fordi dei likar å gjera sine innkjøp andre stader. Kunden drar dit kor tilbodet er, og helst i nærområdet om det finst der. Dei ferske tala Grannar i dag presenterer viser at det nå er handelen i Etne kommune – saman med Suldal – som har størst prosentvis auke i heile regionen, og at Haugesund har ein realnedgang. Lekkasjen er med andre ord i ferd med å bli tetta.
Vindafjord med Ølen som er det andre store handelssenteret nokre mil aust for Haugesund, har ikkje lukkast på same måte, viser SSB sine tal. Coop Mega i Ølen har sett teikninga, og det er ikkje så underleg at leiinga tenkjer strategisk og luktar på tomt nær hovudferdselsåra. For helgehandelen er blitt formidabel, og dei reisande på veg til hytte og fritid vil tydeleg stoppa og ta sine innkjøp nær E134. Det er også klokt av handelsstadane i Ølen og Etne å tenkja samarbeid og bygga allianse mot lekkasjen utover, framfor å tevla innbyrdes. Trenden er endeleg snudd og me ser ingen gode grunnar til at ikkje bygdene våre skal ta tilbake ein del av dei mange jobbane me har halde i live i Haugesund.