Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fleire har vendt seg til politiet etter at dei fekk SMS som gir seg ut for å vere frå namsfut eller namsmann. Foto: Emilie Holtet / NTB
Fleire har vendt seg til politiet etter at dei fekk SMS som gir seg ut for å vere frå namsfut eller namsmann.

Politiet åtvarar mot svindlarar som gir seg ut for å vere frå namsfuten

Publisert Sist oppdatert
Fleire har vendt seg til politiet etter at dei fekk SMS som gir seg ut for å vere frå namsfut eller namsmann. Dette er svindel, åtvarar dei.

– Meldinga viser til ei påstått sak som må betalast snarleg for å unngå gebyr. Betaling kan gjerast ved å klikke på ei lenke og oppgi sin BankID. Det er også meldt om eit tilfelle der nokon har fått ein telefon frå ein person som gir seg ut for å vere namsfut, og som ber vedkommande betale inn eit gitt beløp på konto, skriv Politidirektoratet i ei pressemelding.

Begge delar er forsøk på svindel, understrekar dei. Politiet rår folk til ikkje å klikke på lenka, svare eller betale til konto via telefonen.

Svindelforsøka blir stadig meir avanserte, og politiet åtvarar derfor folk om å vise aktsemd.

– Ein generell regel er å ikkje oppgi BankID, passord eller andre sensitive personopplysningar per telefon eller via lenke i SMS, skriv Politidirektoratet.

(NPK)

Powered by Labrador CMS