Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Inga Cecilie Sørheim.
Inga Cecilie Sørheim.

På tampen

Plug and play

Publisert Sist oppdatert

Det var akkurat det han sa. Når du kjem heim, er det berre å plug and play, så skal det nye systemet virke på ein kvar datamaskin. Spol fram til neste dag, og du finn meg i ein lettare kaotisk situasjon med tre ulike datamaskinar rundt meg. Det var visst ikkje så lett likevel..

Av og til lurer eg på kva me held på med. Samfunnet er blitt digitalisert til det ugjenkjennelege dei siste to tiåra. Men har me skaffa oss meir eller mindre arbeid..? Meir eller mindre stress? Det er ikkje alltid heilt klart for meg. Likevel; det er nok slik at fordelane er større enn ulempene. Tenk kor enkelt det er å finne svar på alt på Google; kor lett det er å bestille varer, tenester og reiser; kor lett det er å bruke nettbanken eller vippse penger; kor praktisk det er å alltid ha kameraet tilgjengeleg.. Korleis gjorde ein det eigentleg før..?

Tilbake til heimekontoret. Eg prøvde først datamaskin nummer éin. Her viste det seg å trengast fleire tidkrevjande oppdateringar før eg eventuelt kunne få ting opp og gå. Eg prøvde datamaskin nummer to, men blei raskt stoppa av ein brannmur. Så prøvde eg pc nummer tre; kanskje eg hadde betre lukke der.. Neida, også her blei eg raskt stoppa, og det trengtes administratorpassord for å komme vidare. Javel, så var det på’an igjen for å kontakte hjelp; først på chat, deretter på telefon. Den datakyndige bergensaren virka forvirra, og spurde meg gong på gong om eg hadde fått denne pc’en sett opp av IT-avdelinga. Ja, eg skulle då meine det? Den kom då vitterleg i posten frå dykk; og sjå her er det eit klistermerke som bekreftar dette. Mannen virka lite interessert i klistermerka mine, og ba meg gå inn i ein dos-liknande bilde og skrive kommandoar. Brått spør han meg om eg jobbar på psykiatrisk avdeling..? Nei, eg er berre ein enkel fastlege. Han les opp eit ukjent kvinnenamn. Er maskinen registrert på nokon andre..? Saka måtte sendast vidare i systemet. Eg har fortsatt ikkje fått svar.

Powered by Labrador CMS