Vask av bil er ikkje vanskeleg om ein finn produkt ein likar og forstår dens eigenskapar, Seier Sven-Christian Gusdal (41)Foto: Anne-Britt Grindheim
Vask av bil er ikkje vanskeleg om ein finn produkt ein likar og forstår dens eigenskapar, Seier Sven-Christian Gusdal (41)
Bilmekanikar Tobias Stople Gjendem (24) har gitt nytt liv til BMW`n eigaren hadde gitt opp.Foto: Anne-Britt Grindheim
Bilmekanikar Tobias Stople Gjendem (24) har gitt nytt liv til BMW`n eigaren hadde gitt opp.
Avfeitting vanlegvis frå vindauga og ned.Foto: Anne-Britt Grindheim
Avfeitting vanlegvis frå vindauga og ned.
Forvask med såpe frå skumkanon.Foto: Anne-Britt Grindheim
Forvask med såpe frå skumkanon.
-Her ser ein avfettinga har løyst opp asfaltflekker. Foto: Anne-Britt Grindheim
-Her ser ein avfettinga har løyst opp asfaltflekker.
Metallpartikkelfjernar har løyst opp uønska partiklar i lakken.Foto: Anne-Britt Grindheim
Metallpartikkelfjernar har løyst opp uønska partiklar i lakken.
Med hageslange spyler ein lakken tørr.Foto: Anne-Britt Grindheim
Med hageslange spyler ein lakken tørr.
Sven-Christian Gusdal startar alltid med felgrens først. Bruk såpevatn og børste.Foto: Anne-Britt Grindheim
Sven-Christian Gusdal startar alltid med felgrens først. Bruk såpevatn og børste.

Pleie- og vaskeprosedyrar

Det er tid for at bilen skal få skine. Etter ein lang vinter med snø og kulde som har generert salting og strøing langs norske vegar, set det spor etter seg på bilane våre.

Publisert Sist oppdatert

Enkel og funksjonell bilvask:

  1. Spray felgar først med felgrens. La det virke. Bruk eventuelt børste.
  2. Avfeitting – leggjast fra vindu og ned. Løyser opp asfaltflekker og smuss, bra på salt etter vinteren.
  3. Forvask såpe – skumkanon på høgtrykksspylar – fjernar generell skit partiklar, fugleskit. Spyl av nedanfrå og opp.
  4. For ekstra skitne bilar; Inspiser lakk – metallpartiklar – Påfør Metallpartikkelfjernar for å fjerne rust etter vinteren og gjennomrustning i lakk, fjerner piggdekk bremsestøv, – sprøytes den på trinn 4. La virke før trinn 5.
  5. Bøtteshampo / Voksshampo i lunka vatn, inneheld gjerne beskyttelse og har vassprellande eigenskapar, utført som handvask med svamp ovanfrå og ned – (skitten lakk lagar riper, ikkje svampen)
  6. Spyle ovanfrå og ned- sjekk såperestar! Systematisk viser det om ein får fjerne alle såperestar.
  7. NB! Hugs underspyling og vask av dør innvendig der skit og salt legg seg.

Vask ikkje bilen i direkte sol. Vatn kan gi kalkflekker – blås tørr eller tørk bilen, eventuelt spyl forsiktig med hageslange og vasspartiklane prellar av lakken.

Bilentusiastane i distriktet, har førebudd seg på dette lenge og ser fram til vår og sommar. Først må salt og grus vekk frå vegbana før bilar av eldre årgang får sleppe ut langs landevegen. Skinande blanke og med fin motorlyd under panseret.

Ein av dei yngre BMW-frelste bilentusiastane Tobias Stople Gjendem (24) er klar for ein liten prøvetur med bilen han har fått liv i igjen. Bilen trillar ut av vaskehallen på Steinsland i Sandeid. Eigaren frå distriktet hadde gått lei og nærast gitt opp med å få denne bilen på vegen igjen, men bilmekanikaren Tobias tok utfordringa og sjekka ut motor og leidningar. I dag brummar motoren godt under panseret med sine 286 hestekrefter, og er klar for å møte årets sommarsesong. Gode råd om bilpleie og motor har mellom anna Sven-Christian Gusdal med fleire i bilmiljøet bidratt med.

Forvask med såpe frå skumkanon.

Hobbyen og lidenskap

Bilar og motorar fanga vågsbuen i tidleg alder. Han er ikkje fornøgd før det blenkjer i lakken. Er det noko industrimekanikaren Sven-Christian Gusdal (41) har ein svakheit for, så må det vere bil. Då snakkar ein om å ta vare på hovudsakleg BMW modellar frå 1980-talet. Ruste dei opp, mekke og pusse dei, frå inst til ytst. Lakk og bilpleie er siste og viktige finpuss før bilen får rulle på vegen.

Lenge før han kunne køyre bil med sertifikat i lomma har interessa for motorar og bilar vore ein altoppslukande hobby. Det starta med at han og ein kamerat fekk eit gammalt vrak av ein bil hjå ein nabo. Den skulle dei få, om dei fekk til å fikse den, var avtalen. Bilen vart demontert, alle deler fekk nytt liv. Motoren starta og bilen kunne rulle på vegen igjen.

— Eg må berre tileigna meg meir og meir kunnskap, prøve og feile, fikse og få til ting – det triggar meg, seier Gusdal som bur i Ølensvåg med kone og tre born i aldren 6, 9 og 11år.

Avfeitting vanlegvis frå vindauga og ned.

Det er tydeleg at det ligg mykje arbeid bak med dei mange bilane han har sjølv og i tillegg hjelpt andre med. Mest som ein lidenskap for at gamle bilar skal få eit nytt liv. Der alt blir demontert og pussa opp att til godkjent motorkøyretøy for å ferdast på vegen igjen. Motorar, skinninteriør, rust og lakk får nytt liv hjå Gusdal.

— Målet mitt er å fikse det opp, få liv i det og at det skal bli eit bra resultat, forklarer han som definerer seg sjølv som litt rastlaus og med ein god porsjon tolmod i prosessen mot eit godkjent resultat som også blenkjer i lakken.

Erfaringar han har gjort seg etter mange år med slikt arbeid, viser at kvaliteten på materialet generelt er mykje betre på eldre bilar. Dagens kvalitet i karosseri, lakk og interiør har endra seg.

— Lakk er generelt blitt dårlegare, eit merkbart skilje tidleg på 2000-talet. Interiør i dag er det mykje vinyl som skal etterligne skinn. Ergo eit dårlegare materiale, forklarer Gusdal som også er kjent for sitt arbeid med vask, stell og polering av bilar etter alle kunstens reglar.

— Det må helst vere ein sjeldan BMW eller gjerne ein bil med affeksjonsverdi, smiler bilpleiaren og legg til at han prøver å balansere tid med familien, lidenskapen for hobbyen og produksjonsleiar jobben på Westcon.

-Her ser ein avfettinga har løyst opp asfaltflekker.

Enkel og grei bilvask

Når det gjeld vask og stell av bilens eksteriør og interiør, finst det eit stort utval av vaske preparat eller kjemikaliar å velje mellom om ein vel å vaske eigen bil. Nokre vel å stelle og vaske bilen med lidenskap frå innerst til ytst, medan andre vel enklare løysningar. Uansett kva arbeid kvar enkelt legg i vask og stell av bil, kjem Sven-Christian Gusdal med nokre generelle vaskeråd som er greie å følgje for eit godt resultat:

— Vask av bil er ikkje vanskeleg om ein finn eit produkt ein likar og skjønar produktets eigenskapar. Om det handlar om enkel bilvask eller detaljert bilvask forklarer den erfarne bilpleiaren, og siktar til val av bilpleiemidlar.

— Forvask er alfa og omega for å få ein rein bil, repliserer han og legg til at val av rett kjemi og ikkje minst rett bruk av kjemi spelar ei stor rolle for eit godt resultat. Sjølv har eg funne eit bilpleieprodukt som innfrir og som gir mitt arbeid med bilens interiør og eksteriør det perfekte resultatet. Ei erfaring etter mange års arbeid med bilpleie produkter, smiler Gusdal nøgd.

Metallpartikkelfjernar har løyst opp uønska partiklar i lakken.
Powered by Labrador CMS