Konserndirektør for nett i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim. Foto: Statnett/Jarle Nyttingnes
Konserndirektør for nett i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim.

Planlegg å erstatte to leidningar

Transmisjonsnettleidningane mellom Sauda og Karmøy blei bygd på 1960-tallet og tilfredsstiller ikkje krav til auka forbruk og forsyningssikkerheit i regionen framover. Eit nytt prosjekt er derfor i gang med å vurdere korridorar for to nye 420kV-leidningar.

Publisert Sist oppdatert

Dette opplyser Statnett i ei pressemelding.

Prosjektet som er starta opp, Sauda-Gismarvik, er del av trinn tre av totalt fem i Statnett sin områdeplan for nettutviklinga på Haugalandet. Når heile trinn tre er ferdigstilt, vil det auke kapasiteten på Haugalandet til 2.500 megawatt. Dei to første trinna er allereie i gang (sjå figur og faktaboks).

På Haugalandet er ny 420kV leidning frå Blåfalli til Gismarvik under konsesjonsbehandling hos Olje- og Energidepartementet. Blåfalli-Gismarvik er eit større tiltak og trinn to i områdeplanen, som vil auke kapasiteten i nettet med cirka 500 megawatt.

Kontroversielt

Prosjektet Sauda-Gismarvik er i gang med å vurdere moglege korridorar for dei to nye leidningane. Dersom Statnett får konsesjon til å bygge den omsøkte forbindinga Blåfalli-Gismarvik, vil dei nye ladningane som nå blir planlagt gå til den nye transformatorstasjonen Gismarvik i Tysvær.

— Me er i tidleg fase i planlegginga og har starta dialog med rørte kommunar og andre interessentar. I enkelte områder er det krevjande å finne egna stader å bygge de nye leidningane og det er viktig å vere i dialog med interessentar slik at me saman kan diskutere moglege løysingar, seier Elisabeth Vike Vardheim, konserndirektør for Nett i Statnett.

Den planlagde forbindinga Blåfalli-Gismarvik skal gå gjennom Etne og Vindafjord. I Etne har det skapt store reaksjonar hos mange at det blir planlagt å bygge 420kV-leidning på Strype. Fleire, blant anna kommunen, har tatt til orde for ei jord- og sjøkabel løysing.

Vil styrke straumnettet

Statnett skriv i pressemeldinga at målet er å bygge i same korridor som dei to eksisterande leidningane som i dag går mellom Sauda og Karmøy, så langt det let seg gjere. Når nye leidningar er på plass blir dei gamle rivne. Prosjektet planlegg å sende melding til NVE Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i løpet av året. Nye korridorar vil bli presentert når melding blir sendt.

Melding til NVE er for å varsle om at prosjektet er starta opp. Sjølv om begge leidningane meldes i same prosjekt er planen at bygginga blir gjennomført som to separate byggeprosjekt. Før bygging kan starte må Statnett sende konsesjonssøknad og få konsesjon frå myndigheitene. Både melding og påfølgande konsesjonssøknad blir etterfølgd av kvar sin eksterne høyring.

Elektrifiseringa og arbeidet med å nå Norges klimamål skyter fart og Statnett opplever stor pågang frå aktørar som ønsker å knytte seg til transmisjonsnettet over hele landet, spesielt rundt dei store byane. Det auka behovet gjer det nødvendig å ruste opp straumnettet.

— Det er Statnett si oppgåve å sørge for at det er nok straum i nettet til ei kvar tid både til nye og eksisterande kundar og til industri og private forbrukarar, seier Vike Vardeheim.

Trinnvis utvikling på Haugalandet

  1. Temperaturoppgradering av eksisterande leidningar
  2. Ny leidning Blåfalli-Gismarvik
  3. Oppgradering til 420 kV Sauda-Gismarvik, (samt Sauda-Samnanger i Vestland)
  4. Fornying av leidning nummer to mellom Sauda og Gismarvik
  5. Fornying og oppgradering av resterande anlegg
Figur: Målnett som viser trinn i områdeplan for Bergensområdet og Haugalandet
Powered by Labrador CMS