Pippi tok Skånevik med storm
Torsdag var det lukta av popcorn, og grillmat som prega hotellhagen utanfor Skånevik fjordhotell, for ikkje å snakka om det heldige vêret Pippifestivalen har fått utdelt i år. Sval sommarluft som berre ein vestlandsdag med lett skya vêr kan gi. Alt låg til rette for ein dag fylt med glede, leik og latter.
— Heile førestillinga er utseld, sa hotelleigar Inger Karin Larsen før det heile starta.
Fargerik framsyning