Petter Stordalen tapte skattesak i lagmannsretten
Investor og hotelleigar Petter Stordalen tapte skattesaka i lagmannsretten, der Skatteetaten kravde han for millionar av kroner.
Investor og hotelleigar Petter Stordalen tapte skattesaka i lagmannsretten, der Skatteetaten kravde han for millionar av kroner.
– Stordalen har tapt saka fullt ut, heiter det i den 50 sider lange og einstemmige dommen frå Borgarting lagmannsrett.
Om dommen blir ståande, må Stordalen betale litt i overkant av 400 millionar kroner, ifølgje E24. I tillegg må all framtidig utbytte frå Strawberry Fields blir skatta av.
Stordalen seier via advokaten sin at han er usamd med dommen.
– Stordalen er skuffa over resultatet og er usamd med lagmannsretten, seier advokat Kaare Andreas Shetelig til avisa.
Regjeringsadvokat Nils Sture Nilsson, som førte saka for staten, er tilfreds med utfallet.
Bakgrunnen for saka er at Stordalen har teke ut 795 millionar kroner i utbytte frå selskapet Oslo Properties, no Strawberry Fields, som han kjøpte i 2013.
Dei tidlegare eigarane hadde sett inn til saman 3 milliardar kroner i eigenkapital i åra frå selskapet vart stifta og fram til det vart selt til Stordalen.
Skattejuridisk dreier saka seg om gyldigheten av skattevedtak om gjennomskjæring».
Vanlegvis skal ein kunne ta ut igjen den innbetalte kapitalen utan å betale skatt, men ikkje viss formålet med å kjøpe selskapet var å spare skatt. Det er nettopp det Skatteetaten meiner var Stordalens hensikt, og dei kravde han for 228 millionar.
Det nekta Stordalen for, og han tok saka til Oslo tingrett. Då saka vart behandla der i mars 2024, argumenterte Skatteetaten for at motivasjonen for kjøpet til hotellkongen først og fremst var det som heiter skatteposisjonen av innbetalt kapital».
Det kunne potensielt opne for skattefrie utbetalingar av utbytte på 3 milliardar kroner.
Stordalen tapte i tingretten, som konkluderte med at oppkjøpet var nesten utelukkende skattemessig motivert». Skattekravet vart likevel redusert noko, til 184 millionar kroner.
Begge partar anka saka, og saka vart behandla i Borgarting lagmannsrett i oktober, der det var sett av sju rettsdagar til behandlinga.