Einingsleiar for areal og forvaltning, Thomas Vestbø, under formannskapsmøtet.
FOTO: Svein-Erik Larsen
Pengar til undersøking av idrettstomt
Kostnaden på sjølve vurderinga blir sett til cirka 300.000, mens 400.000 kroner blir sette av til eventuelle nye geotekniske undersøkingar.
Kvikkleire
Bakgrunnen for behovet er at det er gjort funn av materiale med sprøbruddseigenskapar (jordartar som kan ha reduksjon i stabilitet ved overbelastning), i form av kvikkleire i eit borepunkt.
Multiconsult har utført grunnundersøkingane og analysert desse, men faren for områdeskred, det vil si faren for at det skal gå kvikkleireskred i området, er ikkje vurdert. Det er difor heller ikkje gjort vurderingar om byggegrunnen er trygg, eller om det eventuelt må gjerast tiltak for å trygga byggegrunnen. Det er difor trong for å gjera vurdering av risiko for områdeskred i planområdet.
Nødvendig kostnad