Påskeaksjon på den store utfartsdagen
Kvar fredag før palmehelga skjer det same på Circle K i Ølensvåg. Frivillige frå NAF deler ut gratis spylervæska, gir gode råd – og spreier påskestemning.
—Vil du ha gratis spylervæska? spør Kjell Helgesen som er frivillig frå NAF Haugesund og omegn.
—Ja, spylervæska må ein jo ha, svarar Reidar Vågen, som skal innom Circle K for å tippa i Lotto.
—Ta deg ein Twist òg! svarar Helgesen.