Panteordning kan stoppe spøkelsesfiske
Kvart år går tusenvis av teiner tapt i norske farvatn. To nye rapportar viser at ei panteordning for teiner kan bli eit effektivt verkemiddel mot spøkelsesfiske og marin forsøpling langs norskekysten.

Dei to rapportane peikar på fleire viktige faktorar for at ei panteordning skal fungere: Brukarvennleg organisering av innsamlingspunkt, riktig pantesats, tydeleg avgrensing av kva som blir inkludert i ordninga og hensiktsmessig organisering og balansert fordeling av kostnader.
Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering (FHF) finansierer eit prosjekt som skal greie ut moglegheita for ei panteordning på teiner, skriv FHF i ei pressemelding.
Prosjektet skal no utvikle konkrete forslag til organisering av ei slik ordning.
(NPK)