Familen har god plass i stova si, med både sitjegruppe og tv-krok. På tre av fire vegger er det også vindauge frå golv til tak.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Panoramautsikt og familien rundt seg
Det er nesten som om hjarta hoppar over eit slag når ein står på tunet til Helene Eikemo og Ørjan Heggebø i Etne, og det kan vera fleire grunnar til det. Allereie på veg oppover mot huset, hamrar hjarta litt hardare i brystet enn vanleg, for det er bratt. Svært bratt oppover, og ein kan berre førestilla seg korleis det er ein vinterdag i snø og slaps. Når du kjem opp i tunet er det utsikta som tar pusten frå deg.
Her kan du sjå fjella stupa ned i fjorden, ein kan sjå korleis fjordarmen strekkjer seg innover mot Etne sentrum, og dei einaste lydane ein høyrer, kjem frå buskar og kratt bak deg i fjellsida. Sjelefred, er nok eit ord ein kan bruka i ei slik stund.
Familietun