Roar Knudsen. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Roar Knudsen.

10 Kjappe

— Pakk kofferten og flytt til Skånevik!

Roar Knudsen er vekas gjest i 10 kjappe.

Publisert Sist oppdatert

— Kva er din favoritthobby?
— Skyting. Det er ein arena der ein verkeleg kan få utfordra konsentrasjonen og evna til å fokusera berre på éin ting om gongen. Konsentrasjon er mangelvare i dagens kaotiske samfunn. I tillegg treff ein mykje bra folk.

— Kor reiser du helst på ferie?
— Campingtur med familien er stor stas, og skikkeleg avkopling.

— Kva er det beste med bygda du bur i?
— Alle dei utruleg positive folka som legg ned ein innsats for at Skånevik er verdas beste bygd.

— Kva saknar du i bygda di?
— Enno fleire kvalitetsfolk – så pakk kofferten og flytt til Skånevik!

— Kva er ditt favorittmåltid?
— Eg er så heldig at eg er gift med ei som er kokk, og ho lagar mange ulike favorittmåltid: pinnakjøt, grillmat, fiskesuppe og masse anna som ho tryllar fram.

— Kva gler og kva irriterer deg mest?
— Blir glad av folk som gjer noko positivt for andre, til dømes i frivillig arbeid.
Blir irritert over folk som syt og klagar for alt mogleg, samtidig som dei ikkje gjer noko som helst sjølve. Tenk kor bra verda hadde vore om dei som klagar heller hadde gjort noko godt for andre. Om alle gjer litt, blir utruleg mykje gjort.

— Dersom du hadde politisk makt, kva ville du ha kjempa for?
— Eit heftig spørsmål. Hadde eg styrt landet, så hadde eg prøvd meir å redda økonomien – og vesentleg mindre på å redda verda med absurd symbolpolitikk. Kva har me igjen når Støre & co. har jaga ut alle bedriftseigarar? I mitt hovud er alle i samfunnet ein del av fellesskapet, også dei som eig bedrifter. Trepartsmodellen inneheld faktisk tre partar, og då er det trist at nokre av dei raudaste heng opp bilete av dei rikaste på kontoret for å spotta dei. Me treng kvarandre i dette vesle landet.

— Kva gjer du når du skal unna deg noko ekstra?
— Tek ein joggetur, ein fjelltur – eller kanskje ein symjetur i verdas finaste utebasseng.
Ein kjekk fest med positive folk er heller ikkje feil.

— Kva er ditt beste barndomsminne?
— Alle dei kjekke turane til Eivindsbu med familie, vener og andre som kom på besøk. Ingen materiell luksus, med dogg på vindaugo og kaldt på morgonen, men godt samhald mellom familie, naboar og andre – på tvers av generasjonar. Kanskje ei slik tid kan koma tilbake.

— Kven ser du mest opp til?
— Alle dei som prioriterer andre før seg sjølve. Dei som deler og bidreg, i staden for å grafsa til seg. Dei som støttar nokon som treng støtte.

10 kjappe

Namn: Roar Knudsen
Bustad: Åsheimsvegen, Skånevik
Alder: 40
Sivilstatus: Særs godt gift
Yrke: Dagleg leiar, Knudsen Dørfabrikk
Powered by Labrador CMS