Kultur
Overveldande respons på Vestlandsutstillingen
Unni Marie Lien har brukt dei siste to dagane på å landa igjen etter opninga av Vestlandsutstillingen i Stavanger sist torsdag. Responsen på dei 13 rosemålte fata ho har utstilt, har vore aldeles overveldande.
Unni Marie Lien har visst sidan juni i fjor at ho var ein av 17 kunstnarar som fekk innpass i Vestlandsutstillingen 2024. Det i seg sjølv er ei bragd, for å bli valt ut av 309 søkjarar er eit nålauga som er trongt å komma gjennom. I løpet av månadane som har gått sidan den gong har Lien hatt god tid til å tenkja på kva kunstverk ho ønskjer å ha med seg til opninga som var i Stavanger, og 13 rosemåla fat har fått plass på den kvite veggen i Rogaland kunstsenter. Korleis kunsten blei presentert, hengt på veggen, og deretter mottatt av publikum har vore spennande å tenkja på for Unni Marie Lien, og då ho kom til opninga sist torsdag blei ho aldeles overvelda. Rosemålinga hadde fått ei perfekt plassering, og responsen frå båd e publikum og dei andre kunstnarane blåste neste Lien av banen.
— Det var heilt vanvitig. Det var fleire som kom til meg og sa wow – kva har du gjort med denne rosemålinga?», og ei av dei sa til og med at eg hadde det beste på heile utstillinga. Tårene mine var ikkje langt borte, seier Unni Marie Lien, heilt overvelda.
Ikkje rart ho har brukt dei to siste dagane på å landa.
17 av 309
At ho no er ei av 17 utstillarar på Vestlandsutstillingen er reint tilfeldig, for ho har aldri søkt om å få vera med før. Ho blei også oppmoda til å søkja i fjor, og det var kunstkurator Bjørn Hatterud som oppmoda henne. Han hadde følgt Lien i nokre år, og likte kunsten hennar.
— Eg må innrømma eg knapt visste kva Vestlandsutstillingen var, og eg må jo seie eg blei litt lamslått då eg blei antatt. Etter at eg trefte dei andre kunstnarane har eg høyrt at mange av dei hadde søkt kvart år, og først kome med i år. Dei blei veldig forbausa over at eg berre hadde søkt denne eine gongen, seier ho, og innrømmer at ho kjenner seg ganske kry.
At rosemåling, som er sett på som tradisjonsverk får ei slik anerkjenning er stort for Unni Marie Lien.
— Å få innpass i eit slikt moderne kunstmiljø er fantastisk, seier ho.
Ho håpar rosemåling for sin renessanse, at tradisjonshandverk og rosemåling får ein større plass og blir løfta opp. Kunstverka som er utstilt viser ein heilt ny vri på rosemålinga, der ho tar inn det lokale, som til dømes hagen sin, eller nordlyset, i sjølve kunsten.
Gjennom Vestlandsutstillingen når ho også andre grupper enn dei som svingar innom henne på butikken hennar i Ølen. Her blir ho oppdaga i eit heilt anna miljø.
Allereie første utstillingsdag var kjøparane på banen og kjøpte kunst av henne, men sidan kjøp og sal går gjennom arrangørane veit ikkje Lien kor mange ho har selt til no.
— Det blir spennande å sjå etter kvart, seier ho.
Karamell å suge på
Utstillinga i Stavanger held ope fram til 28. april. Då blir heile utstillinga pakka ned og sendt til Førde, og skal opnast igjen i august. Etter ein månads tid blir utstillinga sendt til Ålesund som skal ha ope frå oktober til november. Så dette blir ei langvarig utstilling på heile Vestlandet.
— Eg har frykteleg lyst til å reisa opp til både Førde og Ålesund på opningsdagane der, seier Lien, og legg til at dette høgst sannsynleg er kjempereklame for tradisjonshandverket.
Dei siste dagane har vore ganske surrealistiske for Lien, og ho seier at denne opplevinga er ein karamell ho har tenkt å suga lenge på.»
— Når ein jobbar åleine slik som eg gjer, har eg ingen å diskutera med. Når eg då treff dei andre kunstnarane og får diskutert dei forskjellige teknikkane, og samtidig føler på den gjensidige respekten fordi dei veit kva som ligg bakom. Det er fantastisk å ha nokon å spela ball med, og heile denne opplevinga har vore aldeles overveldande, seier Lien.