Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det samla overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond var på 1.042,5 milliardar kroner. Rekneskapen viser eit oljekorrigert underskot på 290,5 milliardar kroner. Foto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK
Det samla overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond var på 1.042,5 milliardar kroner. Rekneskapen viser eit oljekorrigert underskot på 290,5 milliardar kroner.

Overskot på over tusen milliardar i statsrekneskapen

Det samla overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond var på 1.042,5 milliardar kroner i fjor. Det kjem fram av statsrekneskapen for 2023, som vart lagt fram fredag. Rekneskapen viser eit oljekorrigert underskot på 290,5 milliardar kroner. Det er 4,2 milliardar meir enn det som vart lagt til grunn i det nysalderte budsjettet.

I fjor vart det overført 286,2 milliardar kroner frå pensjonsfondet for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i det nysalderte budsjettet. Statsbudsjettet før lånetransaksjonar viser dermed eit underskot på 4,2 milliardar.

Samanlikna med rekneskapen for 2022 går oljepengebruken opp med 7,7 milliardar kroner.

Powered by Labrador CMS