Søndag kveld blei det sett opp sperring i Osvåg. Den er måndag fjerna, men politiet understrekar at det ikkje er lov til å køyra ut på isen meir.
Foto:Irene Mæland Haraldsen
Over og ut for køyring på isen
Etter veker med tjukk is på Osvågen i Etne, har politiet no lagt ned forbode mot å køyra der. Vatn ligg i overflata, og isen er ikkje lenger trygg.
Den tjukke isen på Osvågen har dei siste par vekene vore ein populær leikeplass for både unge og eldre bilførarar, så vel som skøyteløparar i alle aldrar. Sjeldan har temperaturen vore så låg over så lang tid, og det er ikkje tvil om at mange har hatt det umåteleg kjekt. Opptil 50 bilar har vore observert på isen på ein gong, og naboar har måtte finna seg i å lytta til motorduren til morgonkvisten nærmar seg. Men no er det stopp.
— Tilgangen til isen blei i går sperra av, men i kveldinga fekk me melding om at denne sperringa var fjerna. Politiet sett då opp nytt sperreband, for no blir det mildvêr og det er allereie kome vatn på isen. Det er ikkje lenger lov å køyra på isen, seier lensmann Arild Austrheim til Grannar.
Sperringa fjerna