Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er Etne Sp sin ordførarkandidat.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ordføraren seier ja til fire nye år
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (58) har meir ugjort i lokalpolitikken. Nå har ho takka ja til ein ny periode, noko som betyr at det er ein stor sjanse for at ho held fram som ordførar.
Senterpartiet har lange tradisjonar med å ha det politiske toppvervet i Etne kommune. Ved kommunevalet i 2019 fekk partiet eit sterkt resultat som gav sju av 17 plassar i kommunestyret. Over 38 prosent av veljarane røysta på Sp. Dermed var det klart for fire år i ordførarstolen for Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, etter at Siri Klokkerstuen (Ap) hadde vervet i perioden før.
— Det er ei ære å bli spurt igjen. Eg er veldig glad i kommunen min, og alle innbyggjarane som bur her. Det skjer så mykje bra her og eg kjenner eg har så mykje meir å gi, seier Ekrheim.
— Viktig avklaring