På tampen
Optimalt…eller godt nok
Har du sett Toro-reklamen? Den som seier at mat frå Toro ikkje berre er godt nok, men kjempegodt nok. Sjølv om den hyperaktive kua med bergensdialekt er rimeleg irriterande, har denne reklamen overføringsverdi til mangt og mykje her i livet. Me bør ha større fokus på alt som er kjempegodt nok.
Verda me lever i synes å vere i fritt fall og ute av kontroll. Korleis er det mogleg at ein mann har så mykje makt? Men i staden for å løfte blikket, blir me berre meir opptekne av eigen navle. Ei tydeleg trend i tida er nemleg optimalisering. Ja, nå er det ikkje godt nok å bli den beste versjonen av seg sjølv. Du må bli den optimale versjonen av deg sjølv! Særleg blant unge på TikTok er det dette mykje dreier seg om, men trendane har også nådd gjennom til tradisjonelle media. Nyleg såg eg ein reportasje på NRK om ein ung gut som streva etter å leve det optimale livet. Dette bestod av streng disiplin når det gjaldt både kosthald, trening og døgnrytme. Han sto i beste sendetid og var nærmast stolt av å vege maten sin. Kva har skjedd? Burde ikkje han gått på fest og spist Grandis dagen derpå? Nå driv dei unge med periodisk faste og kroppsbygging. Isbading og badstu, fokus på søvn og døgnrytme, smartklokker for å måle stressnivået.. Teip på munnen når dei skal sove sine åtte timar. Er det rart mange unge slit med å finne kjæraste, forresten? Treningsrutinane må planleggast og loggførast. Ultraprosessert mat og alkohol er djevelens verk. Det mentale må optimaliserast med mindfulness, yoga, pusteteknikkar og dagbokskriving. Sjølvdisiplinen er sterk og rigid. Kos er for dei svake. Er generasjon Z snusfornuftige inntil det sjukelege? Men trendane smittar oss eldre også. Med vår aldersangst blir me lette bytte for influensarar, livsstilscoachar» og treningsguruar som står i kø for å fortelje oss korleis me skal optimalisere liva våre. Men blir det meir ro og harmoni, eller berre meir stress?
Eg tenker to ting om dette. For det første trur eg individualismen og egoismen har tippa totalt over. Sjølvutviklinga har blitt ein usunn egotripp. For blir me lukkelege av å optimalisere oss sjølve? Skal meininga med livet vere eit evig oppussingsprosjekt? Dei som forskar på lukke, viser til det motsette. Det å ha meiningsfulle og gode relasjonar til andre er noko av det viktigaste for å kjenne seg lukkeleg. Det å vende blikket utover ved å gi til andre, hjelpe andre, bety noko for andre. Vidare tenker eg at optimalisering vitnar om ein reaksjon på ei verd ute av kontroll. Naturleg nok vil me vende blikket innover for å kontrollere noko som er kontrollerbart; vår eigen kropp og vår eigen livsstil. For sjølv om mektige menn kastar verda ut i kaos, kan ein likevel oppnå måla sine og vere i grøn sone» på pulsklokka.
Kanskje er det for skremmande å ta inn over seg dei utfordringane verda står ovanfor nå, men ein kan jo starte med å vende blikket utover i sitt eige nærmiljø. Skal me få hovudet opp frå pulsklokka og heller ringe ein venn eller gå ein tur saman? Det er lov å legge vekk mobilen og ta ein kvil på sofaen også. Kva med ein dag heilt utan plan og rutine? Som ein god gryterett frå Toro, er det enkle ofte det beste. Og det enkle kan vere kjempegodt nok.
Inga-Cecilie Sørheim