Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

Om mektige menn og maktesløyse..

Då er kvardagen tilbake for dei fleste av oss. Og tenk; så ufatteleg heldige me er som lever i eit land og i ein kvardag der folk står i kø for å kjøpe den siste mummikoppen i staden for å stå i matkø. Kontrastane i verda er absurde og hjarteskjerande. Sjølv treng eg innimellom ei påminning om at sivile og barn blir drepne, står i matkø og dør av underernæring berre ei Syden-reis» unna oss. I det daglege tenker eg ikkje ofte nok på verken Gaza, Ukraina-krigen eller andre katastrofar rundt om i verda. Men eg har begynt å tenke litt på kor prisgitte me er nokre få mektige menn.

Lever me i ei verd styrt av galne, gamle gubbar..? Sjå for deg sånne superskurkar i ein dårleg Hollywood-film. Dei som stryker på ein kvit katt dei har på fanget. Ja, du kjenner typen..? Men frå spøk til alvor; det verkar som om nokre få menn har fått altfor mykje makt mellom hendene. Korleis har me hamna i ein situasjon der verdssamfunnet nærmast står makteslause når dei trekker i trådane sine?

Eg har lenge levd i den naive tru at det eksisterer internasjonale lovar og reglar som gjer at dersom noko heilt sprøtt skjer, så vil verdssamfunnet kunne gripe inn. FN og sikkerheitsrådet vil kunne trekke i naudbremsen og redde oss. Men nei, slik er det ikkje. Dei siste åra har brutal krigføring fleire stader i verda skaka oss. Og utan å gå inn i den komplekse storpolitikken, kan me vel vere samde om at dei menneskelege lidingane som utspelar seg på Gaza nå er heilt uhaldbare. Det burde aldri ha skjedd, og kan ikkje fortsette. Som enkeltperson i eit lite og rikt hjørne av verda kjenner ein på maktesløyse. Men det som verre er; ei heil verd verkar handlingslamma og makteslaus! FN kan kritisere og fordømme og skjerpe retorikken så mykje dei vil, men kan ikkje gripe inn så lenge enkelte stormakter (les: mektige menn) har vetorett. Det er både skuffande og skremmande å vere vitne til denne avmakta. Korleis kan verdssamfunnet organisere seg for å kunne stoppe liknande humanitære katastrofar?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS