Helene Handeland og Sigrid Mømb Hammersland tok i mot gullbøssa frå kreftforeininga. FOTO PRIVAT
Helene Handeland og Sigrid Mømb Hammersland tok i mot gullbøssa frå kreftforeininga. FOTO PRIVAT

Ølensrussen vann gullbøssa

Ølensrussen gjorde det igjen – med 241.877 kroner samla inn til kreftsaka gjekk dei heilt til topps i Rogaland og vann gullbøssa.

Publisert Sist oppdatert

Ølen vidaregåande skule har gjort det igjen: Med imponerande 241.877 kroner samla inn under Kreftforeninga si innsamlingsaksjon, går dei av med sigeren som den vidaregåande skulen i Rogaland som har samla inn mest per elev. Det er tredje gongen Ølensrussen vinn. Innsatsen blei belønna med gullbøsse, diplom og kake, som blei delt ut av Kreftforeninga sist onsdag.

Innsamlingsaksjonen gjekk av stabelen søndag 23. mars, då tusenvis av menneske over heile landet gjekk vårens viktigaste søndagstur – til inntekt for kreftsaka. Men det er framleis ikkje for seint å bidra: Pengane går til forsking som gjer det mogleg å tilby kreftpasientar gentesting og den best moglege behandlinga, basert på resultata.

— Ølensrussen har gjort ein formidabel innsats, og det står det verkeleg respekt av, seier Kristin Horne, kommunikasjonsrådgivar i Kreftforeninga.

Powered by Labrador CMS