Aksjonsgruppa 2023 for ølensrussen og innsamling 'Krafttak mot kreft'.
Aksjonsgruppa ved ølensrussen minus Maria Bjelland. Håvard Berge (f.v.), Marius Matre Stople, Stina Kirketeig og Håvard Heggebø Tveita.

Ølensrussen samlar inn

Publisert Sist oppdatert

Russen ved Ølen vidaregåande skula tilsluttar seg den nasjonale innsamlinga Krafttak mot kreft». Aksjonsgruppa har som mål å få inn meir pengar enn kva noko anna russekull i Ølen har klart.

Dei har til no samla inn i overkant av 16.000 kroner, men dei har knapt starta. Understøtta av nasjonal merksemd, skal dei setja ekstra fokus på saka i mars.

— Beste resultat til no var 173.000 kroner. Det var før pandemiåra, seier russepresident Marius Matre Stople.

Aksjonsgruppa fortel om ei meiningsfull sak som dei meir enn gjerne støttar opp om, og oppfordrar folk til å støtta dei. .

— Følg oss på ulike mediaplattformar kor det er enkelt å støtta, seier Stina Kirketeig som er aksjonssjef.

I tillegg til aksjonssjef Kirketeig og president Stople frå Ølen, består aksjonsgruppa også av Håvard Berge frå Ølensvåg som har ansvaret for den digitale delen av innsamlinga og sponsorarbeidet. Dessutan Maria Bjelland frå Sandeid og Håvard Heggebø Tveita frå Ølen, som respektive mediaansvarleg og leiar for bøssekorpset.

Powered by Labrador CMS