Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesaren melder

Offisiell opning av fleirbruksbana ved Bryggebakken i Vikebygd

Publisert Sist oppdatert

Måndag 8. september var det offisiell opning av den nye, flotte fleirbruksbana som ligg vakkert plassert ved Bryggebakken i Vikebygd. Opninga vart kombinert med fellesgrillinga i bygda, som er open for alle, og denne gongen telte me opp mot 100 frammøtte!

Fellesgrillinga vert arrangert annakvar måndag av nokre lokale eldsjeler som stiller med varm grill. Dei som ønskjer det, kan ta med seg noko å leggja på grillen.

Etter at alle hadde ete seg mette på burgarar og pølser, fekk initiativtakar Stine Lise Espeland æra av å gjennomføra snorklipp på den nye bana. Til å halda snora fekk ho assistanse frå leiar og nestleiar i Vikebygd Idrettslag, Kjetil André Skartland og Joakim Bruland.

Powered by Labrador CMS