40 brakker skal etter planen gi husly til anleggsarbeidarar i åra som kjem. Det skal vere med på å sikre sunn heilårsdrift ved Halvfjordingen.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Nytt liv i Halvfjordingen
Ein gammal kjenning er tilbake i styre og stell når det no blir blåst nytt liv i campingplassen på Rullestad. Eit tidlegare selskapsnamn blir også gjenoppliva.
Odda-investoren Tor Petter Stensland er tilbake på Rullestad camping. I 2018 vart det rabalder på Rullestad då den mangeårige styreleiaren i Halvfjordingen AS, som eigde campingplassen og hadde eit 30-tals aksjonærar, prøvde å ta kontrollen i selskapet. Det enda med at han vart kasta som styreleiar.
Nokre månader seinare vart selskapet slått konkurs.
Etter eit mislykka forsøk på å få til ny drift på Rullestad i regi av andre eigarar, gjennom selskapet Camp Rullestad AS som vart slått konkurs i november i fjor, er det no klart for Stensland-comeback på den flotte campingplassen ved Rullestadvatnet.