Bygg og bu
Nytt liv i Bjarnehuset
Amalie Kaldheim (29) og Olav Nes (38) har overtatt eit hus frå 1950-talet som står på familiegarden til Olav. No renoverer dei, og håpar på å vera i hus i løpet av våren.
I mai 2023 fekk Amalie Kaldheim og Olav Nes si førstefødde dotter, Sigrid. Men trass travle dagar, med både renovering og babyliv, synes dei det siste året har gått fint.
Det er gjort store endringar på det gamle huset for å få det slik dei vil ha det i dag. Dei starta prosessen med å rive og grave ut tomt til påbygget i mars 2023, omtrent to månadar før Sigrid kom. Dei har bygd på til saman 60 kvadrat totalt, fordelt på to etasjar, og alle vindu er bytta ut. Dei har også snudd kvisten og heva taket, den gamle skiferen har dei brukt om igjen.
Det var oldeforeldra til Olav Nes som bygde Bjarnehuset på starten på 1950 – talet. Då oldeforeldra til Olav døydde, overtok Bjarne, onkelen til far til Olav huset. Han hadde budd saman med foreldra til dei døydde, og budde i huset til han døydde i 1986. Han tilbrakte altså heile livet sitt i huset, derav namnet Bjarnehuset. Frå 1986 og fram til no har huset kun vore leigd ut.