Nytt liv i bestemors hus
I 1967 bygde Aslaug og Gunnar Johanson frå Skånevik seg nytt hus med utsikt over fjorden. I dag er det barnebarnet Nora Johanson Solberg (27) som rår grunnen og har skapt sitt eige paradis saman med sin vesle familie.
I det koselege 60-tals huset til Nora Johanson Solberg sine besteforeldre sit minna frå barndommen framleis sterkt i veggene. Den store hagen med frukttre, bærbuskar og gamle prydvekstar som omkransar det gråmåla huset ligg om lag som den var då bestemor Aslaug levde, og den lune kaffikroken i enden av hagen byr framleis på ein fantastisk utsikt over fjorden. Huset som blei påbygd med nye kvistar på starten av 1990-talet, har fått nytt tak, nye vindauge eit strøk maling og ny kledning enkelte stader etter at dei nye eigarane overtok. Men elles er det meste som før.
Det er først når ein tar steget over dørterskelen og inn i hovudetasjen at endringane kjem til syne. Innvendig har huset fått seg eit skikkeleg ansiktsløft. Heile hovudetasjen er bygd opp på nytt. Vegger er flytta, eit lunande lag isolasjon er kome på plass, nytt moderne kjøkken og bad er montert og i toppetasjen har veslejenta Sina (8 månader) fått sitt eige kombinerte sove-og leikerom.
— Me har gjort alt arbeidet sjølv, med unntak av sparkling og maling innvendig, seier Nora som er utdanna tømrar og har sitt daglege arbeid ved Vigor bygg i Skånevik. Sambuaren Geir Vimme er røyrleggjar, og saman har dei brukt alle sine ledige stunder på oppussingsprosjektet.