Nytt HIM-krav har hissa opp hytteeigarar
Haugaland interkommunale Miljøverk iks har i sommar sett i gang ein prosess med å få knytta dei siste eigedomane i eigarkommunane til renovasjonsordninga. Etne er siste HIM-kommune som ikkje har hatt ein slik prosess, og dette har resultert i at eigarane til vel 200 eigedommar – både fritids- og bustadeigedommar – i sommar har fått brev om at dei er gebyrpliktige frå 1. januar 2023.
— Me stiller oss heilt uforståande til at ei hytte som ikkje er i bruk og som er i ferd med å falla ned, skal betala renovasjonsavgift. Dette protesterer me på, seier Ståle Sørheim, leiar i Nordre Bjørndalen grunneigarlag SA, til Grannar.
Fleste i fjellheimen