Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Mange ville teste det nye bassenget. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Mange ville teste det nye bassenget i Skånevik då det opna i 2024. No kan unge i Etne kommune bruke fritidskortet for å få tilgang til bassenget.

Nye moglegheiter i ungt tilbod

Publisert Sist oppdatert

Dei nye stadene der ein kan nytte kortet, er utebassenget Sjøkanten Trivsel i Skånevik, Havreberg Coaching sine treningssenter på Norheim og i Ljoshallbygget, Etne Fysioterapi og Trening på Etne Senter, og treningstilbodet til Skånevik Kultur- og Idrettshall. Dette opplyser Etne kommune på nettsida si.

Ordninga med det lokale fritidskortet i Etne startar med ein prøveperiode på to år, 2024 og 2025. Fritidskortet kan brukast på organisert aktivitet, til dømes kontingent eller eigenandel for deltaking på arrangement og cupar. Ein organisert aktivitet skal vera planlagd med eit program, ha ein leiar som styrer aktiviteten, og ha minimum seks treffpunkt i halvåret.

Dersom ein alt har betalt faktura for medlemskontingent og/eller eigenandel til cup, stemne eller turnering, kan ein få refusjon for inntil 900 kroner. For å hente ut fritidskortet må du oppretta ein brukar på etne.aktiv-fritid.no.

Powered by Labrador CMS